Rafoss kraftverk vil i snitt vil produsere omlag 34,5 GWh årleg, noko som svarar til straumforbruket til om lag 1700 norske husstandar. I tillegg vil eit Rafoss kraftverk med integrert laksetrapp auke lakseførande strekning i Kvina med omlag 6 km.
Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til dei landskapsmessige endringane som følgje av redusert vassføring i Rafossen og inngrepa i kraftverksområdet. NVE rår til at kraftverket leggast i fjell av omsyn til landskapet.
NVE vurderer at minstevassføring og andre avbøtande tiltak vil redusere dei negative konsekvensane tilstrekkeleg til at tiltaket vært akseptabelt i høve til allmenne og private interesser.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga