Prosjekta vil gje ei betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag, og dei vil gje ein ikkje ubetydeleg mengde ny fornybar energi.
NVE legg vekt på at Åseralprosjekta i snitt vil gje om lag143 GWh regulerbar kraft, noko som svarar til straumforbruket til omtrent 7150 norske husstandar. Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til dei landskapsmessige endringane som følgje av økt regulering av Langevatn.
Revisjon av konsesjonsvilkåra for Langevatn, Kvernevatn og Storevatn inngår i NVE si handsaming. Det er lagt vekt på dette ved vurdering av avbøtande tiltak.
NVE finn at minstevassføring, magasinrestriksjonar og andre avbøtande tiltak vil redusere dei negative konsekvensane tilstrekkeleg til at tiltaket vært akseptabelt i høve til allmenne og private interesser.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.