Lukk

Tilrår løyve til å utvide Iveland kraftverk

(AGDER PRESS): NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Agder Energi Produksjon AS løyve til å utvide Iveland kraftverk i Iveland kommune, Aust-Agder. Kraftverket vil nytte eksisterande inntaksmagasin, gje relativt små miljøulemper og gje ei monaleg mengde fornybar energi.

logo Agder Press nyheter verden

NVE legg vekt på at ei utviding av Iveland kraftverk vil gje ei monaleg mengde fornybar energi gjennom ei betre nytting av ei allereie utbygd vassdragsstrekning.

Etter NVE sitt syn er det eit vesentleg poeng at dei tyngste inngrepa i forhold til verknader for friluftsliv og landskap kom som følgje av utbygging av det eksisterande Iveland kraftverk. Meirverknadane av omsøkt utviding er såleis relativt små.

NVE rår til at det sleppast ei heilårleg minstevassføring på strekninga frå Gåseflådammen til utlaupet av kraftstasjonen på 2 m³/s. Med ei slik minstevassføring vil ei utviding av Iveland kraftverk gje om lag 152 GWh ny kraft. Det svarar til den årlege straumbruken til omlag 7600 husstandar.

Les også:  - Jeg er veldig fornøyd med trafikken på Agder Info

NVE rår til at det innførast restriksjonar på bruken av inntaksmagasinet Gåseflåfjorden i perioden 15. mai til 15. september. I denne perioden skal normalt ikkje magasinet senkast lengre ned enn 1 meter under høgste regulerte vasstand.

NVE vurderer utvidinga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top