Lukk

Tilråding om utbygging Flateland kraftverk

(AGDER PRESS): Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrår Olje- og energidepartementet (OED) å gje Vegusdal Kraftverk AS konsesjon til å bygge Flateland kraftverk i Hovlandsdalsåna i Tovdalsvassdraget i Birkenes kommune i Aust-Agder.

logo Agder Press nyheter verden

NVE rår også til overføring av Hovlandsdalsåna til Kjetevatn, regulering av Kjetevatn med 2 m og inntak av to bekker.

Den samla energiproduksjonen i kraftverket vert om lag 46 GWh/år som tilsvarar straumforbruket for 2300 husstandar.

NVE legg vesentleg vekt på at prosjektet gjer eit monaleg bidrag til produksjon av regulerbar kraft, og meiner at tiltaket sine verknader for miljø og naturressursar er akseptable. Vi legg og vekt på at vassdraget allereie er påverka av kraftutbygging i stor grad. NVE foreslår slepp av minstevassføring i Hovlandsdalsåna og i Tverreåna, ei årleg spyleflaum i Hovlandsdalsåna, og andre avbøtande tiltak.

Les også:  200.000 har tatt vaksine

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top