Lukk

Spennande kamp om årets nasjonale bygdeutviklingspris

(AGDER PRESS): Antistoff frå egg, produksjon og foredling av løk eller ein «Inn på tunet» gard? Vinnaren av Innovasjon Noregs nasjonale bygdeutviklingspris vert å finna blant desse.

logo Agder Press nyheter verden

Prisen som er på heile 250 000 kroner, vert delt ut under opninga av den norske standen på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin 16. januar 2014.

«Innovasjon Noreg konstaterer med glede at det også i år er høgt nivå på så vel nominerte som andre kandidatar», seier Gunn Ovesen, administrerande direktør i Innovasjon Noreg, og legg at «det utan tvil er med å oppretthalde det gode omdømmet til bygdeutviklingsprisen».

Angedal Gard, Førde i Sogn og Fjordane
Martha Bjørvik Angedal har vore svært målretta heilt frå val av utdanning til sosionom via yrkeserfaring innan omsorg, psykiatri og barnevern, og fram til ho som ung gründer flytta tilbake og etablerte Inn på tunet på heimgarden i Førde.

Les også:  Bilbrann i Bømlafjordtunnelen i Sveio

Ein «Inn på tunet» gard tilbyr tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel, og aktiviteten og tenestetilbodet er knytta opp mot garden, livet og arbeidet der.

Ei stor utfordring innan denne næringa er å få forutsigbare avtalar. Martha Bjørvik Angedal har gjennom syste­matisk arbeid, marknadsorientering og å «ha alt på stell» oppnådd eit usedvanleg godt ry og fått avtalar med NAV, psykia­tritenesta, skular og barne­verntenesta i fleire kommunar.

Heimeside: http://angedalgard.no

Balke gård, Østre Toten i Oppland
Basisen for Balke gård og paret Odd Hveem og Sissel Landaasen er produksjon av  løk. Omfanget har ekspandert kraftig dei siste åra.

Les også:  Forelegg for brudd på kulturminneloven

I tillegg er dei engasjert i fleire selskap innan grøntnæringa, bl.a. Toten Løkpakkeri og Grøntkutteriet som begge er nyskapande og innovative bedrifter innan bearbeiding og foredling, for eksempel har Grøntkutteriet spennande utviklingsprosjekt saman med SINTEF.

Balke gård og dei andre selskapa er tilknytta merkeordningane Debio, Nyt Norge, Nøkkelhull og Rød tråd.

Heimeside: http://www.totenlok.no

Moer gård og Norwegian Antibodies AS – Ås i Akershus
Moer gård er eigd av Nils Ole Egge, og driv stort innan konsumeggproduksjon i tillegg til antistoff­produksjon på høner, kornproduksjon og skogsdrift. Saman med Øystein Larsen og Erling H. Sundrehagen har han etablert Norwegian Antibodies AS.

Norwegian Antibodies AS produserer antistoff frå eggeplommen frå høner. Norsk dyrehelse i verdsklasse er eit viktig konkuransefortrinn. Kundar er bioteknologiske produsentar og forskingsmiljø i EU, USA og Kina, bl.a. antistoff til medisin. Produksjonen skjer på bestilling etter spesifikke krav.

Les også:  Flertall på Agderbenken er imot ny abortlov

Heimeside: http://www.antibodies.no/

Bakgrunnsinformasjon Bygdeutviklingsprisen
Bygdeutviklingsprisen vart etablert i 1997 for å synliggjere og vere ei inspirasjonskjelde for vellykka nærings- og forretnings­utvikling i – og i tilknyting til landbruket. Kandidatane vert vurdert etter lønnsemd, sysselsetting, sosial og miljømessig bærekraft og nyskaping eller originalitet.

Det vert kåra ein vinner i kvart fylke. Prisen på 50 000 kroner vert delt ut av fylkeskontora til Innovasjon Noreg. Fylkesvinnarane konkurrerer om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top