NVE legg stor vekt på at bygging av dei nye dammane vil sikre at gjeldande sikkerheitskrav vert innfridd.
NVE har vidare lagt vekt på at utbygginga som omsøkt vil gje ei betre utnytting av ressursane i eit frå før utbygd vassdrag gjennom auka regulerbar kraftproduksjon. Ei større reguleringshøgde vil gje ei produksjonsauke i det eksisterande Skjerka kraftverk på om lag 43 GWh.
Nåvatn-dammane skal rivast fordi dei mistar sin funksjon ved ei auka reguleringshøgde i Skjerkevatn. Dammane er sjeldne fleirbuedammar og har kulturhistorisk verdi. NVE føreset at dammanes kulturhistoriske verdi dokumenterast for ettertida.
NVE vurderer utbygginga, med dei fastsette vilkåra, til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.