Lukk

Nytt manøvreringsreglement for Hekni kraftverk

(AGDER PRESS): I det nye manøvreringsreglementet for kraftverket i Otravassdraget, legg NVE vekt på estetiske forhold og fisk. NVE tilrår ei minstevassføring frå Tjurrmodammen på 5,0 m3/s i sommarhalvåret og 3,0 m3/s resten av året.

logo Agder Press nyheter verden

I tillegg kan Fylkesmannen krevje at det sleppast inntil 10 millionar m3 vatn årleg for å betre miljøforholda nedstrøms dammen.

Agder Energi Produksjon (AEP) har søkt NVE om eit endeleg manøvreringsreglement for Hekni kraftverk. I ei prøveperiode på fem år har minstevassføringa på strekning i Otra kunne varierast mellom 1 m3/s og 3,0 m3/s om vinteren og 3 m3/s og 5 m3/s om sommaren. Målet med ei slik variabel minstevassføring i tillegg til årlege feltundersøkingar har vore å skaffe eit fagleg godt grunnlag for å kunne fastsetje eit varig reglement.

Les også:  Politikerne vil ikke ha sommerstengt barnehage

AEP søkte om ei minstevassføring på 3 m3/s om sommaren og 1 m3/s om vinteren. Av omsyn til estetiske og fiskebiologiske forhold tilrår NVE ei større minstevassføring; 5,0 m3/s i sommarhalvåret og 3,0 m3/s resten av året. I tillegg kan Fylkesmannen krevje at det sleppes inntil 10 millionar m3 vatn årleg for å betre miljøforholda nedstrøms dammen. Dersom Kvernåni overførast til Brokke kraftverk kan fylkesmannen pålegge slipp av ytterleg 10 millionar m3 vatn. Omsynet til bestanden av bleke har stått sentralt i vurderinga.

Hekni kraftverk fekk konsesjon i 1989 og vart satt i drift i 1995.

Les også:  Flere husstander i Lindesnes uten strøm

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top