Den nye leidningen gjer det muleg å rive ei 22,5 kilometer lang 66 kV-kraftleidning på betongmaster, som går mellom Øye og Sira.
Leidningen vil betre forsyningstryggleiken til både Flekkfjord og Sira og saman med nye Kvinesdal transformatorstasjon, legge til rette for tilknyting av ny fornybar kraftproduksjon frå småkraftverk og vindkraftverk i området. NVE vurderer at miljøverknadene av tiltaka er akseptable, og at det er positivt at det skal rivast meir leidning enn det skal byggast nytt.
NVE krev at Agder Energi Nett AS skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som skal godkjennast av NVE før anleggsstart. NVE meiner at framlegging av ein godt planlagt miljø-, transport- og anleggsplan kan avgrense verknadane av bygginga av ein kraftleidning.