Lukk

NVE tilrår løyve til Skjeggedal kraftverk i Åmli kommune

(AGDER PRESS): NVE tilrår Olje- og energidepartementet å gje Agder Energi Vannkraft AS løyve til å bygge Skjeggedal kraftverk i Åmli kommune i Aust-Agder.

logo Agder Press nyheter verden

Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 18,5 GWh fornybar energi, noko som svarar til straumbruken i 925 husstandar. Samstundes tilrår NVE å seie nei til Skjeggedalsfossen kraftverk, og avslag til søknad om overføring av Skjeggedalsåna til Juvann for utnytting i eksisterande Vassfossen kraftverk.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Skjeggedal kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar. Skjeggedal kraftverk vil utnytte eit fall på omlag 125 m i øvre del av Skjeggedalsåna. Kraftverket vil få ein installert effekt på 5,4 MW og med det gje ein årleg produksjon på 18,5 GWh med fornybar energi..

Les også:  Britisk komiker til Kristiansand

Agder Energi Vannkraft AS (AEV) har frå tidlegare erverva naudsynte fallrettar og rett til grunn for bygging av Skjeggedal kraftverk. Det er desse rettane dei no har søkt om løyve til å utnytte i eit nytt kraftverk. Samstundes har Knut Olav Tveit søkt om løyve til å utnytte omlag det same fallet for Skjeggedalfossen kraftverk.

NVE har i vurderinga lagt vekt på at Skjeggedal kraftverk vil gje noko meir produksjon enn Skjeggedalsfossen kraftverk og førstnemnde har størst oppslutning hjå lokal mynde. Miljøverknadene er små, og avgrensa for begge prosjekta. NVE meiner at fordelane er størst ved å bygge ut Skjeggedal kraftverk fordi Agder Energi Vannkraft sit på rettane for utbygging.

Les også:  Ytterligere en person pågrepet

I tillegg har Risdal Energi AS økt om løyve til overføring  av Skjeggedalsåna til Juvann slik at vatnet kan magasinerast i Eptevann for utnytting i eksisterande Vassfossen kraftverk. Med unntak av Froland kommune der Vassfossen kraftverk ligg, har alle høyringspartane gått imot dette prosjektet. Dette prosjektet vil gje noko meir produksjon enn AEV sitt prosjekt, men samstundes er verknadene etter NVE si meining av ein monaleg storleik samanlikna med den avgrensa auka i produksjon som ei overføring gjev.

NVE har lagt særleg vekt på at tiltaket vil redusere vassføringa i Skjeggedalsåna over ei strekkje på om lag 18 km ned til samløpet med Vatnedalselva. Dette vil ha verknader for vassdragsmiljø, bruk og opplevingar knytt til elva. I tillegg vil det verte store inngrep ved etablering av ein omlag 6,5 km lang overføringstunnel. NVE vil difor ikkje tilrå at det blir gjeve løyve til overføring av Skjeggedalsåna til Juvann.

Les også:  Mann varetektsfengslet for tyveri

NVE tilrår at departementet går inn for løyve til eitt kraftverk i Skjeggedalsåna, og av dei to prosjekta meiner NVE som nemnd at det er AEV sitt prosjekt som er det beste og som bør få konsesjon. Eit løyve vil bli gitt på nærare fastsette vilkår.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top