Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til dei landskapsmessige endringane som følgje av redusert vassføring i fossen, inntaksdam og kraftverk i dagen med utløpskanal.
NVE rår til at det sleppast ei heilårleg minstevassføring i Fennefossen på 15 m³/s. Denne minstevassføringa vil saman med andre avbøtande tiltak redusere dei negative konsekvensane til et akseptabelt nivå.
Med ei slik minstevassføring vil Fennefoss kraftverk gje om lag 53 GWh ny fornybar kraft. Dette svarar til det årlege straumforbruk til 2700 husstandar. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga