Lukk

NVE gjev løyve til Lislevatn kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Agder Energi Produksjon AS løyve til å byggje Lislevatn kraftverk i Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil få ein årleg fornybar og regulerbar produksjon på om lag 18 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 900 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Utbygginga vil nytte ei fallhøgde på om lag 97 meter og endre vassføringa i Håtveitåna på ei 900 meter lang strekning frå inntaket i Vikstølvatn til utlaup av kraftstasjonen nær Lislevatn.

Utbygginga vil betre bruken av kraftpotensialet i eit allereie regulert vassdrag og styrke tilgangen på regulerbar kraft. Tiltaket inneber at Vikstølvatn, som i dag vert regulert med 16 m, jamt over får ein høgare og meir stabil vasstand. Dette vil redusere problema med erosjon og tilslamming. Eit Lislevatn kraftverk vil medføre ei meir stabil vassføring i Hovlandsdalsåna nedstraums utløpet av kraftverket.

Les også:  Ny lov skal forebygge partnerdrap

For å bøte på verknadane for det biologiske mangfaldet skal det sleppas minstevassføring heile året på 230 l/s noko som tilsvarar dagens minstevassføring. I tillegg skal det sleppast ei årleg spyleflaum om hausten på 10 m3/s over eit døgn .

NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gir derfor løyve til bygging av Lislevatn kraftverk på fastsette vilkår.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top