NVE gjev løyve til Kaldsåni kraftverk

logo Agder Press nyheter verden
(AGDER PRESS): NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Kaldsåni kraftverk i Bykle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg fornybar energiproduksjon på om lag 7 GWh/år, noko som svarar til straumbruken til rundt 400 husstandar.
Publisert

22. juni 2012

05:47

Artikkel av

Agder Press

Del innlegget
logo Agder Press nyheter verden

Kaldsåni kraftverk er planlagt med ei installert effekt på 3,15 MW og vil gje ein årleg produksjon på ca. 7 GWh. Kraftverket vil nytte ei fallhøgde på om lag 220 m og endre vassføringa i Kaldsåni på ei 1750 m lang strekning.

Dei negative effektane av ei utbygging er hovudsakeleg knytt til villrein og landskap. Etter høringa er inntaket trekt lenger ned i elva og dette vil redusere konsekvensane ved inngrepet for desse temaene. NVE meiner dei negative konsekvensane i tilstrekkeleg grad kan avbøtas med vilkår som hindrar ferdsel og ved at vassvegen tilpasses landskapet.  

NVE vurderer samla sett nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev derfor løyve til bygging av Kaldsåni kraftverk på fastsette vilkår.

Følg Agder Press på Facebook