Lukk

NVE gir konsesjon til Nesse solkraftverk i Sveio

(AGDER PRESS): Endra AS får løyve til å bygge Nesse solkraftverk i Sveio kommune, i Vestland fylke. Det er planlagt at solkraftverket skal drivast i kombinasjon med beite for småfe. Anlegget blir det tiande solkraftverket som får konsesjon frå NVE.

Svarte store solcelle paneler.

Foto: Andres Siimon

− Store, bakkemonterte solkraftverk er nytt i Noreg. Anlegget i Sveio kommune er det tiande solkraftverket som får løyve frå oss, seier Ann Myhrer Østenby, seksjonssjef i NVE.

Solkraftverket vil ha ein årleg forventa straumproduksjon på i overkant av 10 GWh (gigawattimer). Dette svarer til den årlege energibruken til om lag 500 hushald.

Solkraftverket har eit planområde som til saman strekker seg over 146 dekar. Anlegget vil etablerast på eit område som i dag består av open og delvis skogkledt beitemark.

Det er planlagt at solkraftverket skal drivast i kombinasjon med beite for småfe.

Les også:  Legger ned varehus i Søgne

Omsyn til miljø

NVE har stilt ei rekke krav til at anlegget skal byggast og drivast så skånsamt som mogleg.

− For å redusere dei negative verknadene for miljøet har vi mellom anna stilt krav om at kantvegetasjon langs bekker og vassdrag i planområdet skal bli varetatt, seier Myhrer Østenby.

Før bygginga kan starte skal det utarbeidast ein detaljplan, som er ei meir detaljert beskriving av prosjektet og byggefasen. Denne sendast på høyring før NVE vedtar planen.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top