Lukk

NRK nær å oppfylle nynorsk-kravet i 2024

(AGDER PRESS): NRK innfridde i 2024 kravet om 25 prosent nynorsk på radio og tv, og var nærmare kravet på nett enn nokon gong tidlegare. Tilsynsrapporten frå Medietilsynet viser elles at NRK i det store og heile oppfylte allmennkringkastingsoppdraget i fjor.

En stor bygning som viser NRK logo

Foto: Olav Tvedt

– Språkoppdraget til NRK er viktig, og  Medietilsynet har i fleire tilsyn peika på at NRK må styrke nynorskbruken i tilbodet sitt. Derfor er det bra at NRK har jobba systematisk med dette, og at tiltaka nå verkar, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. 

NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på kvar av dei tre medieplattformene sine. I 2024 blei kravet oppfylt på radio for første gong sidan 2019, med 25,2 prosent nynorsk. Også på tv blei nynorsk-kravet nådd, med 29,4 prosent. NRK hadde i 2024 framleis for lite nynorsk på nett, men var med 23,2 prosent nærmare minstekravet  enn nokon gong tidlegare. 

I 2024 har NRK vidareført samarbeidet med andre norske medium og faktisk.no om faktasjekk og verifisering av bilde og videoar frå krigsområde som Ukraina og Israel/Gaza. Materialet blir også gjort tilgjengeleg for alle norske redaktørstyrte journalistiske medium uavhengig om dei deltar i prosjektet eller ikkje. 

– Dette tiltaket er ei god tilnærming i det viktige arbeidet for å motverke feil- og desinformasjon. Samansette truslar som påverking gjennom feil- og desinformasjon i sosiale medium er framheva av Totalberedskapskommisjonen som ein av dei største truslane mot demokratiske verdiar og den høge tilliten som pregar det norske samfunnet, seier Velsand.  

Medietilsynet ser også positivt på at innsikt og ressursar blir delt på tvers av ulike medium lokalt, regionalt og nasjonalt, og samarbeidet med kompetansemiljø som faktisk.no og Senter for undersøkande journalistikk. 

– Dette er gode eksempel på korleis NRK og andre redaktørstyrte journalistiske medium samarbeider og utviklar ny kompetanse til beste for mediemangfaldet og publikum, seier Velsand.  

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top