Lukk

Meir fornybar kraft i Kvinesdal

(AGDER PRESS): NVE gjev løyve til bygging av Frøytlandsfoss kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder. Ei utbygging vil gi omlag 8,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til 430 husstandar. Høylandsfoss kraftverk har fått løyve til utviding og vil auke produksjonen med 5,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til 285 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

I vedtaka har NVE lagt vekt på at utbygging av kraftverka vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Frøytlandsfoss kraftverk er planlagt med inntak på 94 moh  og kraftstasjon på 77moh. Utløpsvatnet frå  kraftverket går inn i magasinet til Høylandsfoss kraftverk. Høylandsfoss kraftverk.

Utvidinga av Høylandsfoss kraftverk inneber at den installerte effekten aukar frå 6,9 til 9,5 MW og slukevna aukar frå 14,3 til 20,0 m3/s. Dette vil auke kraftproduksjonen med 5,7 GWh samanlikna med tidligare situasjon.

Dei viktigaste problemstillingane i sakane slik NVE ser det, er omsynet til naturmangfaldet og landskapet. NVE meiner at dei negative konsekvensane av tiltaket i hovudsak er knytt til ål i vassdraget og verdien av Frøytlandsfoss som landskapselement. NVE har fastsett vilkår om minstevassføring for å ta omsyn til desse tilhøva.

Les også:  750.000 kroner i underskudd etter turneringer

NVE meiner at ei bygging av Frøytlandsfoss kraftverk og ei utviding av Høylandsfoss kraftverk er akseptable i høve til allmenne interesser og vil gi ei betre utnytting av ressursane i eit regulert vassdrag. NVE gir på bakgrunn av dette løyve til desse.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top