Prosjektet ligg på grensa mellom kommunane Eigersund og Sirdal i Rogaland og Vest-Agder. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 10,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 540 husstandar.
Tverråna kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 105,5 meter i elva Tverråna. Kraftstasjonen er planlagt ved fylkesvegen og fylkesgrensa mellom fylkene Vest-Agder og Rogaland. Vatnet skal førast i nedgrave røyr frå inntaket og ned til kraftstasjonen.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til ein raudlista fugleart og regionalt sjeldne mosar funne i vassdraget. Høyringspartane meiner ei utbygging av Tverråna kraftverk kan gjennomførast, dersom ein tek omsyn til fuglearten i hekketida og det vert sloppe ei tilstrekkeleg minstevassføring. NVE er samd i dette.
NVE meiner at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Tverråna kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av Tverråna kraftverk på nærare fastsette vilkår.