Lukk

Løyve til Tonstad vindkraftverk i Sirdal og Flekkefjord

(AGDER PRESS): NVE gjev Tonstad Vindpark AS løyve til å bygge Tonstad vindkraftverk i kommunane Sirdal og Flekkefjord i Vest-Agder. Vindkraftverket vil bestå av inntil 64 turbinar og ei utbygging av vindkraftverka vil samla gje omlag 620 GWh ny kraftproduksjon per år. Dette svarar til straumbruken til omlag 30 000 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdet og at Tonstad vindkraftverk, med inntil 620 GWh, vil vere eit viktig bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg. Vindkraftverket vil bli knytt til sentralnettet på Ertsmyra og kraftleidningstraseen på omlag 15 km vil gå aust for Øksendal.

Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved etablering av Tonstad vindkraftverk større enn ulempene tiltaket medfører. Etter NVEs vurdering er dei viktigaste negative verknadene for Tonstad vindkraftverk knytt til landskap, friluftsliv, støy og verknader for raudlista fugl, særleg hubro.

Les også:  Anmeldelser etter OnlyFans-kontroller

NVE har difor sett ei rekkje vilkår til konsesjonane. Blant vilkåra er etablering av buffersone på minimum 1000 meter frå kjente reirlokalitetar for hubro og avbøtande tiltak i samband med verknader for støy- og skuggekastkjenslege bygnader.

NVE konstaterer at Fylkesmannen i Vest-Agder har fremja motsegn i saken på grunnlag av verknader for blant anna naturmangfald, særlig hubro. Kommunane er positive til løyve til vindkraftverket.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top