Lukk

Løyve til Tellenes vindkraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Tellenes Vindpark DA løyve til å byggje og drive Tellenes vindkraftverk med tilhøyrande infrastruktur i kommunane Sokndal og Lund i Rogaland. Anlegget vil gje ein kraftproduksjon på inntil 520 GWh, noko som tilsvarar forbruket til rundt 25 000 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Tellenes vindkraftverk vil bidra til å oppfylle regjeringa sine plikter knytt til EUs fornybardirektiv. Vindkraftverket vil også kunne medføre positive økonomiske verknader for kommunane. Saman med dei andre planlagde vindkraftverka i området, vil dei økonomiske ringverknadane for regionen bli vesentlege, både i anleggs- og driftsfasen.  

Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved anlegget større enn ulempene. NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdet.

Tiltaket kan saman med andre vindkraftverk i Rogaland og Vest-Agder medføre negative verknader for hekkande og trekkande rovfugl i regionen, men vil etter NVEs vurdering ikkje bidra til å svekke naturmangfaldet på sikt. Samanlikna med andre vindkraftverk i Noreg er dei negative verknadane av Tellenes vindkraftverk rekna som moderate.

Les også:  Dødelig kattepest i Arendal

NVE har fastsett ei rekkje vilkår til konsesjonen, som blant anna krav om dokumentasjon på nettkapasitet, utarbeiding av miljø-, transport- og anleggsplan, grenseverdiar for støy og skyggekast, tiltak for å sikre omsynet til drikkevasskjelder og tiltak knytt til nedlegging av anlegget.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top