Lukk

Løyve til Straume kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Straume kraftverk AS løyve til å regulere Svartetjørn med ein meter og byggje Straume kraftverk i Kvernåni i Valle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 11,7 GWh. Dette svarar til straumbruken til 580 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Regulering av Svartetjørn og utbygging av Straume kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi. Straume kraftverk vil samtidig kunne gje inntekter til søkar, grunneigarar og kommune, og bidra til lokal verdiskaping.

Tiltaket er planlagt i Kvernåni, med ein meter regulering i Svartetjørn mellom kote HRV kote 652 og LRV kote 651. Inntaksdammen er planlagd etablert om lag på kote 651 og kraftstasjon ved kote 254. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen vert nedgraven på heile strekninga, og skal følje eksisterande veger på deler av traseen.

Les også:  Dette googlet nordmenn i 2024

NVE har merka seg at tiltaket vil medføre nokre negative verknader for landskap og brukarinteresser, hovudsakelig som følgje av nedgraven røyrgate. NVE har lagt vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogleg. NVE har fastsett ei minstevassføring på 43 l/s heile året.

NVE vurderer at nytten av tiltaket i form av ny fornybar energiproduksjon, er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til å regulere Svartetjørn med ein meter og til å byggje Straume kraftverk.  

Les også:  Skal slå ned Spoofing-angrep i nytt samarbeid

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top