Lukk

Løyve til småkraftverk i Åseral kommune

(AGDER PRESS): NVE gjev løyve til å byggje Tjaldalsåni kraftverk i Åseral kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 4,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til 230 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Tjaldalsåni kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar. NVE meiner at vassvegen må gå i tunnel i øvste del og at resten av vassvegen skal gravast ned av omsyn til terrenget.

Det må  avklarast om anleggsverksemd vil verke forstyrrande for raudlista rovfugl, og i så fall må perioden avgrensast av omsyn til dette. Det er fastsett ei årleg minstevassføring på 70 l/s av omsyn til vassdragstilknytta fugl og vasslevande organismar.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top