Lukk

Løyve til Skveneheii vindkraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Skveneheii Vindkraft AS løyve til å bygge Skveneheii vindkraftverk i Åseral kommune i Vest-Agder. Vindkraftverket kan bestå av inntil 39 turbinar og ei utbygging av vindkraftverka vil samla gje omlag 300 GWh ny kraftproduksjon per år. Dette svarar til straumbruken til omlag 15 000 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdet, og at Skveneheii vindkraftverk, med ein kraftproduksjon på omlag 300 GWh, vil vere eit viktig bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.

Vindkraftverket består av to planområder som knytes saman med ein om lag fem km lang kraftleidning. Frå det sørlege planområdet vil vindkraftverket bli knytt til nettet over ein omlag fem km lang kraftleidning til Smeland kraftstasjon.

Etter NVE si vurdering er dei samla fordelane ved etablering av Skveneheii vindkraftverk større enn ulempene tiltaket medfører. Etter NVE si vurdering er dei viktigaste negative verknadene for Skveneheii vindkraftverk knytt til landskap/visuelle verkander, kulturminner og verkander for friluftsliv knytt til rypejakt. NVE har sett ei rekkje vilkår til konsesjonen.

Les også:  Flere husstander i Lindesnes uten strøm

NVE konstaterer at Åseral kommune er negativ til løyve til vindkraftverket, og at det har fremje motsegn i saken. Fylkesmannen i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune har fremja motsegn mot det nordre planområdet blant anna på grunnlag av verknader for villrein og landskap. NVE vil sende motsegna og eventuelle klager til Olje- og energidepartementet for endeleg handsaming.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top