Lukk

Løyve til Skorveheia vindkraftverk i Flekkefjord

(AGDER PRESS): NVE gjev Norsk Vind Skorveheia AS løyve til å bygge Skorveheia vindkraftverk i Flekkefjord kommune i Vest-Agder. Vindkraftverket vil bestå av inntil 12 turbinar og ei utbygging av vindkraftverket vil samla gje omlag 107 GWh ny kraftproduksjon per år. Dette svarar til straumbruken til omlag 4900 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdet og at Skorveheia vindkraftverk vil vere eit viktig bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg. Vindkraftverket vil bli knytt til regionalnettet mellom Søyland og Åna-Sira med ein ny  66 kV kraftleidning på omlag to kilometer.

Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved etablering av Skorveheia vindkraftverk større enn ulempene tiltaket medfører. NVE meiner dei viktigaste negative verknadene for Skorveheia vindkraftverk er knytt til visuelle verknader og mulege verknader for fugl. NVE har sett ei rekkje vilkår til konsesjonen. Blant vilkåra er mellom anna krav til utarbeiding av en miljø,- transport- og anleggsplan for tiltaket.

Les også:  Politikerne vil ikke ha sommerstengt barnehage

NVE konstaterer at Flekkefjord kommune og Vest-Agder fylkeskommune er positive til løyve til vindkraftverket. Fylkesmannen meinar at konfliktane ikkje er så store at dei vil motsetje seg eit løyve.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top