Lukk

Løyve til Ramsliåna kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Ramsliåna kraftverk AS løyve til å bygge Ramsliåna kraftverk i Flekkefjord kommune, Vest-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Ramsliåna kraftverk AS har søkt om løyve til å byggje Ramsliåna kraftverk i Ramsliåna i Flekkefjord kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,6 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 5 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 200 meter og endre naturleg vassføring på ei om lag 1000 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel frå inntak til kraftstasjonen.

NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

Les også:  Foreslår å utvide to naturreservater i Agder

NVE meiner fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Ramsliåna kraftverk på fastsette vilkår.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top