Lukk

Løyve til oppgradering av kraftleidning

(AGDER PRESS): NVE gir Statnett SF løyve til å oppgradere dagens 300 kV kraftleidning til 420 kV kraftleidning mellom Kristiansand og Feda i Vest-Agder.

logo Agder Press nyheter verden

Oppgraderinga vil etter NVEs vurdering betre utnytting av kraftleidningsnettet. Tiltaket inngår i ein større plan for å styrke nettet mellom Kristiansand og Sauda/Saurdal, og for å legge til rette for tilknyting av fornybar energi og styrking av kraftutveksling til Europa.

Oppgraderinga inneber i praksis at isolatorkjedene vert forlenga frå to til tre ledd. Ved innføringa til Kristiansand transformatorstasjon er det gitt konsesjon til ei omlegging av leidninga dei siste 800 meterane inn til stasjonen. NVE gir også Agder Energi Nett AS løyve til nødvendige omleggingar av regionalnettsleidningar ved Kristiansand transformatorstasjon.

Les også:  Posten ber folk om å sende julegaver før fristen

NVE forventar at oppgraderinga vil gi avgrensa verknader for miljø, naturressursar og samfunn. Teke dette i betraktning, vurderer NVE at fordelane for samfunnet er større enn ulempene som oppgraderinga medfører.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top