NVE gjev òg løyve til å rive den eksisterande 400 meter lange 66 kV-ledningen mellom transformatorstasjonen og kraftverket.
Kraftleidninga består av ein 335 meter lang 132 kV luftleidning og en om lag 70 meter lang jordkabel.
Bakgrunnen for vedtaket er at eksisterande 66 kV-leidning mellom kabelendemasten sør for transformatorstasjonen og Hydro Vigelands Brug er gamal, og at det er naudsynt å skifte ut denne. Dammane i Hydro Vigelands Brug skal rehabiliterast, og eksisterande mast som står oppå dammen er i vegen for dette arbeidet. Det er derfor naudsynt å leggje om traseen for leidninga.