Løyve til bygging av Hemså kraftverk

logo Agder Press nyheter verden
(AGDER PRESS): Hemså kraftverk er planlagt bygd i Hemsåni i Sirdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil få ein installert effekt på 1,7 MW og ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.
Publisert

11. desember 2012

05:31

Artikkel av

Agder Press

Del innlegget
logo Agder Press nyheter verden

Dei negative verknadene er i hovudsak knytt til redusert vassføring på utbyggingsstrekninga og fysiske inngrep i terrenget.

Dette vil redusere verdien av elva med fossen som eit viktig landskapselement, både i samband med opplevinga av kulturmiljøet på Hompland og i høve til friluftsliv og turisme. Mindre vassføring vil òg gje dårlegare livsvilkår for fossekall. Andre interesser vert i liten grad påverka.

NVE meiner det vil vere mogleg å avbøte dei negative verknadene ved slepp av minstevassføring heile året og gjennom god miljøtilpassing av dei fysiske inngrepa. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Hemså kraftverk på fastsette vilkår.  

Følg Agder Press på Facebook