Lukk

Løyve til Buheii vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting

(AGDER PRESS): NVE gjev Buheii Vindkraft AS løyve til Buheii vindkraftverk i Kvinesdal kommune, Vest-Agder fylke, med ein installert effekt på 81 MW. NVE gjev samstundes løyve til ein om lag 8,4 km lang 132 kV kraftleidning mellom planområdet og Ertsmyra transformatorstasjon i Sirdal kommune i Vest-Agder.

NVE har lagt vekt på at planområdet er godt egna for vindkraftproduksjon. Etter NVE si vurdering er dei samla fordelane ved etableringa av Buheii vindkraftverk større enn ulempane tiltaket fører med seg. Buheii vindkraftverk vil bidra til auka fornybar kraftproduksjon. Vindkraftverket kan årleg produsere om lag 230 GWh ved ei full utbygging.

De viktigaste negative verknadane av tiltaket er, etter NVE si vurdering, blant anna knytt til visuelle verknader for landskap, og negative verknader for friluftsliv og fugl.

NVE har difor sett ei rekkje vilkår i konsesjonane. Blant vilkåra er etablering av buffersone på om lag 1000 meter frå kjente reirlokalitetar for hubro, og avbøtande tiltak i samband med verknader for friluftsliv og bygg med bruk som er kjensleg for støy- skyggekast

NVE konstaterer at Kvinesdal kommune er positive til prosjektet. Vest-Agder fylkeskommune rår frå konsesjon, da anlegget ikkje er i tråd med regionalpolitiske føringar for natur og friluftsliv. Fylkesmannen i Vest-Agder har fremja motsegn på grunn av blant anna verknader for fugl, landskap og friluftsliv. Sirdal kommune har fremja motsegn hovudsakleg på grunn av verknader for friluftsliv av kraftleidningen.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top