Lukk

Løyve til å bygge Søråni kraftverk

(AGDER PRESS): NVE har gjeve Arbeidsutvalet for Søråni kraftverk løyve til å bygge Søråni kraftverk i Bygland kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 16 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 800 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 280 meter i Søråni, frå inntak like nedenfor Jordalsvatnet og ned til kote 245. Det er ikkje gjeve tillatelse til reguleringa av Jordalsvatnet som det vart søkt om. Vatnet vert i hovudsak ført i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

For å sikre tilhøva for fisk og andre vassdragstilknytta artar, er det fastsett ei minstevassføring på 400 l/s i tida 1. mai – 30. september og 250 l/s resten av året.

Det er vidare lagt vekt på at dei tekniske inngrep skal verte tilpassa landskapet, og at ein unngår støyproblemer ved drift av kraftstasjonen. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

Les også:  Flere husstander i Lindesnes uten strøm

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top