Lukk

Jon Fosse med ny roman

(AGDER PRESS): Fjorårets Nobelpris-vinnar i litteratur, Jon Fosse, kjem ut med romanen Vaim neste haust. Boka kjem ut samstundes som Den internasjonale Fosse-festivalen opnar.

Foto: Agnete Brun

Den nye Nobelserien som starta opp rett etter at Fosse vart utropt til vinnar, har selt over 100 000 eksemplar siste året. Strøyminga av Fosses bøker på lyd ligg på over 50 000 sidan oktober i fjor.

Winje agency melder om stor interesse internasjonalt, og har gjort over 200 enkeltsal av titlane hans det siste året. Interessa for den kommande romanen Vaim er stor no rett før bokmessa i Frankfurt seinare denne månaden.

Vaim er den første boka i ein serie på tre: VaimVaim Hotell og Vaim Vekeblad. Bøkene kjem ut hausten 2025, 2026 og 2027.

Les også:  Etterlyser flere grep i fraværsreglene

Tekstane tek alle utgangspunkt i den fiktive staden Vaim, men handlar om ulike personar. Bøkene kan fint lesast som einskildståande forteljingar. Fosse hadde byrja på Vaim-sogene då han fekk Nobelprisen i litteratur, men har fullført dei tre bøkene i etterkant av prisutdelinga.

Vaim er ei lita bygd ved fjorden som har både butikk, hotell og avis. I dei tre bøkene møter me ulike innbyggjarar i bygda. Som Jatgeir i den første boka. Han reiser ut på tur med sjarken, og på underleg vis får han med seg heim Eline, sin ungdoms kjærleik.

Les også:  Kan få sparken for dårlig oppførsel på julebordet

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top