Lukk

Ikkje løyve til Melefallet II kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev ikkje Melefallet AS løyve til å bygge Melefallet II kraftverk i Bygland kommune i Aust-Agder, grunna konflikt med ei regionalt viktig bekkekløft.

logo Agder Press nyheter verden

Melefallet II kraftverk var planlagt med ei forventa årleg produksjon på om lag 4 GWh, tilsvarande den årlege straumbruken til 200 husstandar.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville hatt store negative konsekvensar for ei regionalt viktig bekkekløft. Etablering av røyrgate nede i kløfta ville etter NVE si meining ført med seg usedvanleg store inngrep i kløfta, grunna sprenging i ur/blokkmark. Etter NVE sitt syn vil det ikkje være mogleg å avbøte dei negative konsekvensane.

NVE meiner dei negative verknadane er større enn dei positive effektane av auka kraftproduksjon, og at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabelt i høve til allmenne interesser.

Les også:  750.000 kroner i underskudd etter turneringer

Dei resterande seks av dei sju småkraftprosjekta i Setesdal som var til samstundes offentleg høyring (Otrapakka), vil etter planen bli avgjort innan neste barmarksesong (vår-sommar 2016).

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top