Lukk

Ikkje løyve til bygging av Hammerfossen kraftverk i Tvedestrand

(AGDER PRESS): NVE gjev A/S Jacob Aall & Søn avslag på søknad om å bygge Hammerfossen kraftverk i Vegårvassdraget i Tvedestrand kommune i Aust-Agder. Avslaget er grunngitt med omsyn til vassdragets store verdiar for laksefisk og ål.

logo Agder Press nyheter verden

Hammerfossen kraftverk var planlagt bygd i Vegårvassdraget som er varig verna mot kraftutbygging. Det var søkt om ein installert effekt drygt 500 kW og ein årleg produksjon på inntil 3 GWh.

NVE meiner Hammerfossen kraftverk vil føre til uakseptable skadar på laksefisk av stor verdi, og bestanden av ål som er rekna som kritisk trua.

Søkjar har planlagt avbøtande tiltak for å sikre fiskevandringa forbi kraftverket. Etter NVEs syn er det betydeleg fare for at desse tiltaka ikkje vil fungere slik dei er tiltenkt. På bakgrunn av verdien av Vegårvassdraget for å laks og ål og usikkerheita som er knytt til foreslått avbøtande tiltak, meiner NVE at føre-var-prinsippet bør gjelde, jf. naturmangfaldlova § 9.

Les også:  Anmeldelser etter OnlyFans-kontroller

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top