Lukk

Folkemøte vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i Åseral

(AGDER PRESS): NVE arrangerer offentleg møte om Skveneheii vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting. Møtet finn stad i Gamle gymsal i fleirbrukshuset ved Åseral barne- og ungdomskule, måndag 9. desember kl.18.00.

logo Agder Press nyheter verden

NVE har motteke konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing for Skveneheii vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i Åseral kommune i Vest-Agder fylke.

Skveneheii Vindkraft AS (tidlegare HybridTech Skveneheii AS) søkjer i medhald av energilova om konsesjon for å byggje og drive eit vindkraftverk med 39 turbinar som vil gje ein installert effekt på inntil 120 MW. Planområdet ligg på fjellplatåa, Skveneheii og Stuttjørnheii. I fall det ikkje viser seg muleg med minnelege avtalar med grunneigarar, søkjer også Skveneheii Vindkraft AS om oreigning og førehandsovertaking. Søknaden er no på offentleg høyring.

Les også:  Minde gjenvalgt som landsleder i Mental Helse

På møtet vil NVE orientere om handsaminga av søknaden. Tiltakshavar vil orientere om plan og konsekvensutgreiing.

Søknaden med tilhøyrande konsekvensutgreiing er lagt ut til offentleg ettersyn i Åseral  kommune. Dokumenta er òg tilgjengeleg på nve.no.

Frist for å komme med merknader er måndag 10. februar 2014.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top