Lukk

Folkemøte om tilhøyrande nettilknyting i Birkenes kommune

(AGDER PRESS): NVE arrangerer offentleg møte om Storehei, Oddeheia og Bjelkeberget vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i Valstrand kulturarena på Birkeland mandag 10. juni kl.19.00.

NVE har motteke konsesjonssøknad  med konsekvensutgreiing for Storehei, Oddeheia og Bjelkeberget vindkraftverk i Birkenes kommune i Aust-Agder. Det vert samstundes søkt om oreigningsløyve i medhald av oreigningslova for nødvendig grunn og rett til bygging og drift.

Vindkraftverket er  planlagt med 57 vindturbinar med ein storleik på omlag 3 MW per turbin. Dette vil gi ein samla installert effekt på inntil 200 MW. Anlegget er planlagt lokalisert midt i kommunen og nord for kommunesenteret Birkeland. Vindkraftverket er fordelt på tre delområder og vil samla utgjere omlag 25 km2. Nettilknytinga og utbygginga er nærare spesifisert i søknaden.

På møtet vil NVE orientere om den formelle sakshandsaminga av søknaden, og tiltakshavar vil orientere om prosjektet.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top