NVE har motteke melding med forslag til utgreiingsprogram frå Sira Kvina kraftselskap for overføring av Knabeåna og Sollisåna til Homstølvatn.
Tiltaket vil påverke Knabeåna, Sollisåna og Kvina. Etter planane vil overføringa kunne auke kraftproduksjonen i Tonstad kraftverk med omlag 123 GWh per år.
På møtet vil NVE orientere om den formelle sakshandsaminga av meldinga, og tiltakshavar vil orientere om prosjektet. Det vert også gjeve ei kort orientering om søknaden for eit Rafoss kraftverk i Kvina som óg er på høyring.