NVE har motteke søknad fra Agder Energi Nett om å oppgradere den 27 km lange 132 kV kraftleidninga mellom Sjerka og Longa i Åseral kommune, samt ein søknad om å bygge ny sentralnett transformatorstasjon i Honna i Åseral kommune.
NVE har også motteke konsesjonssøknad frå Statnett SF om å spenningsoppgradere dagens 300 kV-leidning til 420 kV frå Solhom til Arendal transformatorstasjon. Spenningsoppgraderinga vil innebere ei omlegging på kvar side av den planlagde transformatorstasjonen i Honna i Åseral kommune.
På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, medan Agder Energi Nett og Statnett vil orientere om prosjekta.
Søknadane er lagt ut på høyring og er tilgjengeleg på NVEs nettstad:
- Kraftleidning frå Skjerka til Longa i Åseral
- Honna transformatorstasjon
- Speningsoppgradering mellom Solholm og Arendal
Søknadane er også lagt ut til offentlig ettersyn i Åseral kommune.
Ytring sendast elektronisk på e-post til nve@nve.no, via nettskjema på www.nve.no/kraftledninger
eller per post til: NVE, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.