Lukk

Folkemøte om bygging av Fennefoss kraftverk

(AGDER PRESS): Agder Energi Produksjon AS (AEP) har søkt om å bygge Fennefoss kraftverk i Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder. NVE vil difor halde eit ope folkemøte om saka mondag 15. februar kl. 1900 i Furuly fleirbrukshus.

Søknaden er lagt ut til offentleg gjennomsyn på rådhuset i Evje og Hornnes kommune fram til 15. mars 2010 og er tilgjengeleg på www.nve.no/vannkraft-KU .


På det opne folkemøtet vil NVE orientere om den formelle sakshandsaminga og representantar frå AEP vil beskrive utbyggingsplanane. NVE og AEP vil og svare på eventuelle spørsmål.

Pressen inviterast til å delta på folkemøtet.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top