NVE har motteke konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing for Åseralprosjekta i Åseral kommune i Vest-Agder. Det vert samstundes søkt om oreigningsløyve i medhald av oreigningslova for nødvendig grunn og rett til bygging og drift av elektriske anlegg.
Tiltakshavar er Agder Energi Vannkraft AS. Planane omfattar eit nytt aggregat i Skjerka kraftverk, ein ny tunnel mellom Langevatn og Nåvatn med Øygard kraftverk og Kvernevatn kraftverk samt ny dam og auka regulering av Langevatn. Årleg auke i kraftproduksjon er berekna til omlag 155GWh for Mandalsvassdraget sett under eit.
På møtet vil NVE orientere om den formelle sakshandsaminga av søknaden, og tiltakshavar vil orientere om prosjektet.