Lukk

Avslag til Lille Lindland minikraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Songe Træsliperi AS ikkje løyve til å bygge Lille Lindland minikraftverk i Risør kommune i Aust-Agder. Søknaden er avslått grunna betydelege landskapsinngrep og fråføring av vatn frå eit anna verna vassdrag.

Prosjektet ligg i Nærestadvassdraget, eit sidevassdrag til Vegårsvassdraget. Det  vart  verna i 1986 grunna verdiane i vassdraget som er knytt til naturmangfald, kulturminne og friluftsliv. Søknaden omfattar òg fråføring av vatn frå det verna Gjerstadvassdraget for utnytting i kraftverket.

Lille Lindland kraftverk var planlagt med inntak 104 moh. og kraftstasjon 32 moh i Nærestadelva. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 0,5 MW og ville gitt ein årleg produksjon på inntil 2,4 GWh. Prosjektet omfatta reetablering av ein atthaldsdam på vasskiljet ved Brenteberg for å fråføre vatn frå det verna Gjerstadvassdraget i aust.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, landskapsinngrep, omsynet til verneverdiane, slukeevna i kraftverket,  samt fråføring av vatn frå eit anna verna vassdrag.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. Omsøkt tiltak er difor i strid med OED sine retningslinjer og NVE ser ikkje at tiltak kan avbøte dei negative konsekvensane i tilstrekkeleg grad.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev på bakgrunn av dette ikkje løyve til Lille Lindland minikraftverk.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top