Lukk

Auka minstevassføring i Mandalselva ved Laudal kraftverk

(AGDER PRESS): NVE rår Olje- og energidepartementet å endre manøvreringsreglement for Laudal Kraftverk i Mandalselva. NVE foreslår ei minstevassføring på 15 til 20 m3/s på sumaren og 6 m3/s på vinteren. Endringa er foreslått for å betre forholda for laksen ovanfor Laudal Kraftverk.

Laudal kraftverk vart etablera på slutten av 1970-talet i ei tid då laksestamma i vassdraget var sterkt svekka grunna forsuring. Kravet til minstevassføring på den 6 km lange strekninga som er råka, var difor låg (250 l/s).

På 1990-talet vart vassdraget kalka og laksen vendte raskt tilbake. Frå om lag år 2000 har vassdraget hatt ei sterk laksestamme med årleg fangst på omkring 10 tonn. Grunna forholda på strekninga forbi Laudal Kraftverk har fangstane oppstrøms kraftverket vore små. Mandalselva er i dag eit nasjonalt laksevassdrag.

I vilkåra til den eksisterande konsesjonen frå 1977 vart det slått fast at dersom forholda seinare gjorde det mogleg å opparbeide Mandalselva til ei god lakseelv kunne regulanten påleggjast å bidra med naudsynt vatn.

NVE ba difor Agder Energi Produksjon om å søka nytt manøvreringsreglement som kunne gi auka laksestamme og laksefiske på strekninga ovanfor kraftverket. Etter ein omfattande høyringsprosess har NVE no kome med si innstilling til OED.

Forslaget vil redusere produksjonen i kraftverket med om lag 20 GWh eller 13 prosent. NVE meiner at laksestamma no vil få betydeleg betre forhold i dei øvre delane av elva og at dette og vil føre til auka laksefiske i vassdraget.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top