Lukk

Tilrår løyve til Åseralprosjekta

(AGDER PRESS): NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Agder Energi Vannkraft AS løyve til å auke reguleringa av Langevatn med 10 meter, overføre meir vatn frå Langevatn til Nåvatn, bygge Øygard og Kvernevatn kraftverk og installere eit aggregat II i Skjerka kraftverk, alt i Åseral kommune i Vest-Agder.

logo Agder Press nyheter verden

Prosjekta vil gje ei betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag, og dei vil gje ein ikkje ubetydeleg mengde ny fornybar energi.

NVE legg vekt på at Åseralprosjekta i snitt vil gje om lag143 GWh regulerbar kraft, noko som svarar til straumforbruket til omtrent 7150 norske husstandar. Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til dei landskapsmessige endringane som følgje av økt regulering av Langevatn.

Revisjon av konsesjonsvilkåra for Langevatn, Kvernevatn og Storevatn inngår i NVE si handsaming. Det er lagt vekt på dette ved vurdering av avbøtande tiltak.

Les også:  200.000 har tatt vaksine

NVE finn at minstevassføring, magasinrestriksjonar og andre avbøtande tiltak vil redusere dei negative konsekvensane tilstrekkeleg til at tiltaket vært akseptabelt i høve til allmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top