Lukk

Løyve til Lillesand vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting

(AGDER PRESS): NVE gjev E18 Vindpark AS løyve til Lillesand vindkraftverk i Lillesand kommune, Aust-Agder fylke, med ein installert effekt på inntil 10 MW. NVE gjev samstundes løyve til ein om lag 2,7 km lang 22 kV kraftleidning frå planområdet til eksisterende 22 kV-distribusjonsnett ved Øvre Eikeland.

logo Agder Press nyheter verden

NVE har lagt vekt på at planområdet er godt egna for vindkraftproduksjon. Etter NVE si vurdering er dei samla fordelane ved etableringa av Lillesand vindkraftverk større enn ulempa tiltaket fører med seg. Lillesand vindkraftverk vil bidra til auka fornybar kraftproduksjon.

Vindkraftverket kan årleg produsere om lag 32 GWh ved ei full utbygging. Dei viktigaste negative verknadane av tiltaket er, etter NVE si vurdering knytt til friluftsliv, støy og skuggekast for busetnader.

NVE konstaterer at Lillesand kommune er positive til prosjektet og at tilgrensande Birkenes kommune stiller seg negative til prosjektet. Fylkesmannen i Aust-Agder har ikkje uttala seg til konsesjonsspørsmålet, men har vektlagt verknader for friluftsliv og landskap i si vurdering. Aust-Agder fylkeskommune har ikkje uttalt seg til saka.

Les også:  Deler ut årets studenpris til veiprosjekt-oppgave

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top