Lukk

Ikkje løyve til Drangsåna kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev ikkje Clemens Kraft AS løyve til å bygge Drangsåna kraftverk i Farsund kommune i Vest-Agder. Avslaget er i hovudsak grunngjeve med omsyn til landskap, friluftsliv og naturmangfald.

NVE legg til grunn at Drangsåna og omliggjande landskap utgjer eit lett tilgjengeleg og mykje nytta tur- og rekreasjonsområde med store opplevingskvalitetar for allmenta.

Etter NVE si vurdering vil fråføring av vesentlege delar av vassføringa i Drangsåna medføre store ulemper for landskap og friluftsliv. Ei eventuell utbygging vil òg ha betydelege negative konsekvensar for to bekkekløfter av B-verdi (viktig). NVE registrerer at alle høyringsparter som tek stilling til utbyggingsspørsmålet, rår frå ei utbygging.

Drangsåna kraftverk var planlagt med ei forventa årleg produksjon på 4,8 GWh, tilsvarande den årlege straumbruken til om lag 240 husstandar. NVE meiner dei negative verknadane er større enn dei positive effektane av auka kraftproduksjon, og at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top