Transformatorstasjonen er naudsynt som følgje av at Agder Energi Nett skal oppgradere leidningen Hanefoss–Vegusdal frå 66 kV til 132 kV og rive 66 kV-leidningen på strekninga Evenstad–Hanefoss.
Dette gjer det naudsynt å flytte dei elektriske anlegga i noverande Hanefoss kraftstasjon ut av fjellhallen. Tiltaket vil gje auka persontryggleik i anlegget.
For å leggje til rette for den nye transformatorstasjonen, må kommunal veg nr. 56 leggjast om 2–8 meter over ei strekning på omlag 100 meter forbi nye Hanefoss transformatorstasjon.
Agder Energi nett får samstundes løyve til å bygge ein omlag 130 meter ny 132 kV luftleidning frå nye Hanefoss transorma til leidningen Hanefoss –Vegusdal. NVE meiner at tiltaket som heilskap vil gje små nye verknader for allmenne interesser.
NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan av omsyn til nærmiljø, naturmiljø og samfunnsinteresser, særleg i anleggsfasen.
NVE har også gjeve Agder Energi Vannkraft og Agder Energi Nett oreigningsløyve for naudsynt areal for etablering av transformatorstasjonen, og for drift og framføring av kraftleidningen.