NVE har lagt vekt på at det er gode vindforhold i planområdet og at Skorveheia vindkraftverk vil vere eit viktig bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg. Vindkraftverket vil bli knytt til regionalnettet mellom Søyland og Åna-Sira med ein ny 66 kV kraftleidning på omlag to kilometer.
Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved etablering av Skorveheia vindkraftverk større enn ulempene tiltaket medfører. NVE meiner dei viktigaste negative verknadene for Skorveheia vindkraftverk er knytt til visuelle verknader og mulege verknader for fugl. NVE har sett ei rekkje vilkår til konsesjonen. Blant vilkåra er mellom anna krav til utarbeiding av en miljø,- transport- og anleggsplan for tiltaket.
NVE konstaterer at Flekkefjord kommune og Vest-Agder fylkeskommune er positive til løyve til vindkraftverket. Fylkesmannen meinar at konfliktane ikkje er så store at dei vil motsetje seg eit løyve.