Lukk

NVE tilrår konsesjon til Fennefoss Kraftverk

(AGDER PRESS): NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Agder Energi Vannkraft AS løyve til å bygge Fennefoss kraftverk i Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil gje relativt små miljøulemper, og vil gje fornybar energi svarande til det årlege straumforbruket til 2700 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til dei landskapsmessige endringane som følgje av redusert vassføring i fossen, inntaksdam og kraftverk i dagen med utløpskanal.

NVE rår til at det sleppast ei heilårleg minstevassføring i Fennefossen på 15 m³/s. Denne minstevassføringa vil saman med andre avbøtande tiltak redusere dei negative konsekvensane til et akseptabelt nivå.

Med ei slik minstevassføring vil Fennefoss kraftverk gje om lag 53 GWh ny fornybar kraft. Dette svarar til det årlege straumforbruk til 2700 husstandar. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga

Les også:  Anmeldelser etter OnlyFans-kontroller

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top