Lukk

Tilrår løyve til Rafoss kraftverk

(AGDER PRESS): NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sira-Kvina kraftselskap AS løyve til å bygge Rafoss kraftverk i Kvinesdal kommune, Vest-Agder. Kraftverket vil nytte eit eksisterande inntaksbasseng, og førar etter NVE si meining til relativt små miljøulemper.

logo Agder Press nyheter verden

Rafoss kraftverk vil i snitt vil produsere omlag 34,5 GWh årleg, noko som svarar til straumforbruket til om lag 1700 norske husstandar. I tillegg vil eit Rafoss kraftverk med integrert laksetrapp auke lakseførande strekning i Kvina med omlag  6 km.

Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til dei landskapsmessige endringane som følgje av redusert vassføring i Rafossen og inngrepa  i kraftverksområdet. NVE rår til at kraftverket leggast i fjell av omsyn til landskapet.

NVE vurderer at minstevassføring og andre avbøtande tiltak vil redusere dei negative konsekvensane tilstrekkeleg til at tiltaket vært akseptabelt i høve til allmenne og private interesser.

Les også:  Politiet leter fortsatt etter tiltalt mann

 Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top