I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Boenfossen kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
Eksisterande kraftverk skal nyttast, med inntak på kote 15,5, like ved dagens inntak. Brutto fallhøgde blir på om lag 13,2 meter. Vatnet vert leda inn i eksisterande tilløpstunnel, som får auka tverrsnitt til 20 m2.
For å ta vare på ål, anadrom fisk og andre verdiar i det verna vassdraget, er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring på 4 m3/s i mai og september, og 2 m3/s i vintersesongen (oktober til og med april). I månadene juni, juli og august skal minstevassføringa variere med vassføringa i elva.
NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til opprusting av Boenfossen kraftverk på nærare fastsette vilkår.