Lukk

Tilrår løyve til Stølen kraftverk

(AGDER PRESS): NVE rår Olje- og energidepartementet (OED) til å gje Knaben Kraft AS løyve til å byggje Stølen kraftverk i elva Knabeåna i Kvinesdal kommune i Vest-Agder.

logo Agder Press nyheter verden

Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,9 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg fornybar produksjon på 8,8 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til omlag 440 husstandar.

NVE anbefaler samstundes at Knaben Kraft får løyve til å regulere Finndalsvatnet mellom kote 753 og kote 760 og Bergetjørn mellom kote 819 og kote 820 med overføring av Bergetjørnfeltet til Finndalsvatnet.

Utbygginga vil utnytte ei fallhøgde på 156 meter og endre naturleg vassføring på ei omlag 1550 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr dei fyrste 500 metrane, mens resten av vassvegen ca. 600 meter ned mot kraftverket skal førast i tunnel. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, sommarvasstand på kote 758 i Finndalsvatnet og god planlegging og oppfølging av anlegget vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

Les også:  Foreslår å utvide to naturreservater i Agder

Etter NVE si vurdering kan dei mange planlagde småkraftverka i Kvinesdal føre til negative sumverknader for mellom anna biologisk mangfald, landskap og friluftsliv. NVE meiner at bygging av Stølen kraftverk ikkje vil ha verknader som strekkjer seg utover dei allmenne interessene knytt direkte til den aktuelle strekninga av vassdraget.

Det er OED som skal fatte den endelege avgjerda for søknaden.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top