Lukk

Løyve til Breilobekken kraftverk i Sirdal

(AGDER PRESS): NVE gjev Skeie Småkraft løyve til å bygge Breilobekken kraftverk i Sirdal kommune i Vest-Agder. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 200 husstandar.

Breilobekken kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 233 m, med inntak på kote 483 og kraftstasjon på kote 250. Samstundes vil også vasspegelen i tjernet Paulan hevast permanent med 2 m, frå kote 483 til kote 485.

Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket og ned til ca. kote 460. Vidare mot kraftstasjonen skal vassrøyret ligge nedgrave. Eksisterande skogsveg vil verte forlenga med ca. 400 m opp til påhogg for tunnel og verte permanent.

Hovudproblemstillinga i denne saka har vore konsekvensar for landskapet. Dette er mellom anna grunna ei vurdering i Sirdal kommune sin kommunedelplan for småkraftverk. NVE og høyringspartane meiner likevel dei endringane som no er gjort, som til dømes ei utbyggingsløysing der øvre del av vassvegen går i tunnel, vil gjere tiltaket akseptabelt i høve til landskap.

Med ei utbygging der øvre del av vassvegen går i tunnel og med ei god planlegging i høve til utføring av anleggsarbeidet, vurderer NVE at tiltaket ikkje vil medføre vesentlege ulemper for allmenta. Samstundes vil tiltaket gje om lag 4 GWh/år i fornybar energiproduksjon. NVE har på bakgrunn av dette gjeve Skeie Småkraft løyve til bygging av Breilobekken kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top