Dei negative verknadene er i hovudsak knytt til redusert vassføring på utbyggingsstrekninga og fysiske inngrep i terrenget.
Dette vil redusere verdien av elva med fossen som eit viktig landskapselement, både i samband med opplevinga av kulturmiljøet på Hompland og i høve til friluftsliv og turisme. Mindre vassføring vil òg gje dårlegare livsvilkår for fossekall. Andre interesser vert i liten grad påverka.
NVE meiner det vil vere mogleg å avbøte dei negative verknadene ved slepp av minstevassføring heile året og gjennom god miljøtilpassing av dei fysiske inngrepa. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Hemså kraftverk på fastsette vilkår.